Sunde Kyst- og Litteratursenter, som vert kalla Bergslagen, skal dokumentere og formidle både den materielle kystkulturen og litteraturen, både “båtar og bøker”, og vere ein læringsarena, eit levande museum og ein samlingsplass i fleire tydingar av ordet. Vi vil arbeide for å ta vare på og utvikle strandstaden Sunde som eit nasjonalt kulturminne gjennom å etablere Sunde Kyst- og Litteratursenter som ein profesjonell institusjon, og slik leggje til rette for vidareføring, styrking og skaping av verdfull aktivitet.

Bakgrunn

Strandstaden Sunde blei i kulturminneåret 1997 kåra til kulturminne for Kvinnherad. Industrihistoria her er særeigen i landsmålestokk; det er truleg den første plassen i landet med hermetikkindustri, alt frå 1866 av. Staden voks fram med landbruk, fiske, handel, handverk og sjøfart, og busetting rundt desse verksemdene. Sunde har også svært lenge vore eit senter for båtbygging, både av større og mindre båtar.

Sunde har gjennom åra mista mange verksemder. Eit nytt fokus på staden gjennom å setje det på kartet som eit nasjonalt kulturminne, vil kunne gje nytt liv til bygda. Då vil det at staden har vore i bakevja i mange tiår faktisk kunne bli snudd til ein fordel, fordi eit gammalt bygningsmiljø framleis er intakt. Vi vonar at Kyst- og Litteratursenteret vil kunne skape positive sosiale og kulturelle ringverknader.

Prosjektet

Det har vore arbeidd lenge for å få til eit kystkultursenter på Sunde. I 2003 blei “Stiftinga Sunde kystkultursenter” etablert med formål å samle inn og formidle kunnskap om kystkulturen i kommunen og regionen Sunnhordland. Med bakgrunn i “Stadanalyse for Sunde” i 2004 sa Fylkeskommunen at Sunde sentrum har et miljø med kulturminneverdi. Sjølv om kystkultursenteret ikkje hadde nokon stad å vere, vart det gjennom fleire år gjort eit omfattande arbeid med kystkulturdagar og andre arrangement. I 2007 oppstod idéen om at litteraturen i området også kunne sjåast på som kystkultur, og dermed integrerast i det planlagde kystkultursenteret. Litteraturen er “immateriell” kystkultur – ein del av kystkulturen som UNESCO har sett på dagsorden – og dermed ein viktig del av dette arbeidet. Denne idéen vart vel motteken, ikkje minst fordi den vil gjera tiltaket unikt i Noreg. Det å ha to bein å stå på, litteratur og annan kystkultur, vil gje rom for nyskapande formidling av begge delar. Omlag samstundes tok båtbyggjar Andor Tveit kontakt med Kvinnherad kommune med framlegg om at dei kunne få kjøpe båtbyggeriet hans, Bergslagen, og bruke dette til kystkultursenter. I 2010 kjøpte kommunen Bergslagen til formålet, og det vart gjort ein avtale om bruk og drift mellom Sunde Kystkultursenter og kommunen. No gjekk arbeidet inn i ein ny fase. Frå og med 2010 held stiftinga hus i båtbyggeriet Bergslagen og har skifta namn til Sunde Kyst- og Litteratursenter.

Eit viktig mål har vore å ha høg aktivitet alt i planleggingsfasen, og ikkje venta til ombygginga og opprustinga av Bergslagen er ferdig. I ganske provisoriske lokale har det såleis vore fleire særmerkte arrangement som har blitt støtta av Norsk Kulturråd, Norsk Forfattersentrum, Folkekademiet i Hordaland, diverse forlag og lokale verksemder. Arrangementa har trekt fulle hus. Senteret har t.d. hatt vitjing av Tore Friis-Olsen frå Forbundet Kysten, direktør for Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad, sentrale forfattarar som Cecilie Løveid, Torgeir Schjerven og Jon Michelet, skodespelar Hildegun Riise og felespelar Nils Økland. Vi ser på utveksling og formidling som svært viktige oppgåver for senteret og vi ønskjer å styrke det nasjonale og internasjonale brubyggingsarbeidet.

Sunde Kyst- og Litteratursenter, Bergslagen, samarbeider med fleire lokale lag og foreiningar som også brukar senteret. Lokala har t.d. vore nytta til selskap og utstillingar. Vi ser på skulen som den mest sentrale samarbeidspartneren. Sunde skule er ein føregangsskule når det gjeld undervisning i kystkultur og lokalhistorie.

Mange er dei som har jobba dugnad på Berslagen, og båtfolket nyttar slippen og plassen til vedlikehald av båtar og motorar. Det er eit mål at all denne aktiviteten skal halde fram, også når andre aktivitetar kjem til.

På lengre sikt er prosjektet todelt. På den eine sida dreier det seg om å få i gang og drive kyst og litteratursenteret, Bergslagen, og på den andre å utvikle heile bygda til ein pulserande stad bygd på historisk og kulturell grunn.

I Stadanalysen for Sunde (vedtatt av Kvinnherad formannsskap 9.9.2004) heiter det: “Sunde har på grunn av si historie eit eineståande utgangspunkt for å vidareutvikla strandstaden og gje kystkultursenteret ein plass i eit levande kulturmiljø. Kystkultursenteret er ein syntese av dei einskilde bygningane og det kulturmiljøet det er ein del av. Skal kystkultursenteret ha meining over tid må difor kulturmiljøet takast vare på og all utbygging må skje med dette som dei styrande kriteria.”

Advertisement