Godt nytt år gode Bergslagen-vener. Me skriv 2017, og Sunde Kyst- og Litteratursenter har endeleg fått nye nettsider, som vonleg vil vera til glede og nytte framover.
Her har me samla nyttig informasjon om senteret, som du kan finna ved å bla i menyen øvst på sida. Etter kvart vil det også komma oppdateringar om alt frå byggjeprosjekt til dugnader og andre arrangement her.
For å vera på den sikre sida, bør du også følgja oss på Facebook, så går du ikkje glipp av noko. Facebook-sida vår finn du her.