Sunnhordlandslitteraturen er ein sentral del av den norske litteraturen. Forfattaren Ragnvald Vaage budde og arbeidde på Sunde. Jens Tvedt er ein annan klassikar frå Kvinnherad. Jonas Lie er knytt til området gjennom at faren var sorenskrivar i Sunnhordland og budde på Husnes. Litteraturen i Sunnhordland er rik og levande med mange gonger så høg ”forfattartettleik” som andre stader i landet. Eit senter for Sunnhordlandslitteraturen har lege i korta lenge og vi er godt i gang med å skape dette senteret.
Det er bortimot førti skjønnlitterære forfattarar som av ulike årsakar må reknast til gruppa av Sunnhordlandsforfattarar, anten er dei herifrå og/eller dei bur eller har budd her; Rune Belsvik, Brit Bildøen, Oskar Stein Bjørlykke, Hanne Bramness, Kristian Bredesen, Helga Gunerius Eriksen, Anne Karin Fonneland, Margunn Hageberg, Atle Hansen, Anders Havnelid, Johannes Heggland, Sigbjørn Heie, Truls Horvei, Ragnar Hovland, Per Jan Ingebretsen, Geir Olav Jørgensen, Per Olav Kaldestad, Roald Kaldestad, Ingvild Kausland, Jonas Lie, Ingvar Moe, Karin Moe, Torborg Nedreaas, Agnes Ravatn, Birger Røksund, Ingelin Røssland, Tor Arve Røssland, Hans Sande, Solfrid Sivertsen, Bjørn Sortland, Gerhard Stoltz, Arild Stubhaug, Arne Torget, Jens Tvedt, Mona Vetrhus, Eli Vaage, Lars Amund Vaage, Ragnvald Vaage, Einar Økland og Selma Lønning Aarø.
Kan hende kan ein rekne sunnhordlandslitteraturen heilt tilbake til Øyvind Finnsson Skaldespillers kvad, Håkonarmål, som skildrar slaget ved Stord i 961 då Håkon den gode fall på Fitjar? Og kva med dikta til Bjarne Kalvsson i krinsen rundt Erling Skakke på Stødle?
Torborg Nedreaas er knytt til Stord fordi ho i oppveksten, frå og med 10-årsalder, budde der i sommarhalvåret. Under krigen flytta ho dit med borna og den halvt jødiske mor si, og gjekk inn i redaksjonen i kommunistavisa Sunnhordland Arbeiderblad. Det er usikkert når ho forlét Stord og flytta til Nesodden, truleg var det i 1949. Stord, eller ein Stord-liknande, stad er ramme for verka til Torborg Nedreaas.
Eit omfattande arbeid må gjerast for å dokumentere og formidle denne litteraturen. I denne forprosjektrapporten er berre eit lite utval av tekstar av sunnhordlandsforfattarene tatt med, som smakebitar eller inngangar til denne litteraturen.
Det er blitt spekulert på kvifor litteraturen i området er så rik og omfattande. Dette veit vi ikkje mykje om. Kanskje står vi overfor eit vestskandinavisk fenomen; litteraturen på Island og Færøyane viser ein tilsvarande rikdom. Litterært liv synest å karakterisere Sunnhordland som region, og det må vera ei viktig oppgåve å visa denne tradisjonen fram. Eit viktig poeng er at Sunde Kyst- og Litteratursenter blir eit annleis litterært senter. Det finst mange sentra, også i Noreg, for einskildforfattarar, men berre dette eine som viser fram diktinga i ein heil region.