Strandstaden Sunde voks fram på 1800-talet. Før den tid fanst båtbygging, fiske og sjøfart, slik det har vore i uminnelege tider. I 1896 vart Halsnøybåten frå 300-400 år e. Kr. funne i ei myr i Toftevågen. Båten er ein plankebygd færing på ca. 5 meter. Dette er eitt av dei eldste båtfunna i Skandinavia.

Det finst også mykje eldre spor etter menneske i området, som t.d. gravrøysene i Bjellandsneset. Bergmålinga i Geithidlaren på Årsand er eineståande i Norden. Blant over 60 bilete dominerer ei strålekransa sol. Både røyser og måleri er frå bronsealderen. Det er òg funne mindre bronsealderrøyser i Røyrvik og bautasteinar ved Opsangersvatnet frå eldre jarnalder. Frå førhistorisk tid og fram til no har menneska i området kome og reist sjøvegen. Bonden her har vore fiskarbonde, og kombinasjonsnæringa har gjort det mogeleg å driva ganske små gardar.

Vårsildfiske og folketalvekst er truleg årsak til tettstadutviklinga på Sunde. Bygda hadde naturlege isfrie hamner og låg sentralt til i Sunnhordland, og etterspurnaden etter arbeidskraft og utstyr steig som resultat av sildefisket. Råstoffet måtte også saltast og sikrast. Det vart stadig fleire notbruk, sildesalteri og vervaplassar, og folk kom flyttande til, blant dei Haktor Thorsen som seinare vart hermetikkpioner. Då silda svikta på 1870-talet, tok brislingen over som sals- og eksportvare, men føresetnaden for det var fyrst krydring og røyking og seinare nedlegging av fisken i blekkboksar. Thorsen bygde ei sjøbu til formålet, og for ansjosen sin fekk han mange diplom og medaljar på utstillingar. Men den som utvikla hermetikkindustrien på Sunde til storindustri, var svigersonen, Herman Valvatne, som i 1905 bygde ein stor fabrikk vegg i vegg med den fyrste sjøbua. Bygningane strekte seg då 34 m langs stranda. I 1906 hadde han over 200 personar i arbeid (mange kvinner og born) og eksporterte også produkta sine til Amerika, Australia og New Zealand. I 1911 blei det store murbygget reist med tre nye piper som raga 9 meter over hustaka, eit par år etter tok Chr. Bjelland over. Han bygde endå meir ut og laga også ein ny fabrikk i Gongstø. Sunde var då den nest største tettstaden i Sunnhordland, etter Leirvik. Rundt 1850 auka det på med jaktbygginga. Vervaplassane vart ofte lagde der dei som tinga bå- ten budde, og båtbyggjarane reiste rundt. Peter Christen Asbjørnsen skildra livleg aktivitet på Opsanger-verven i 1869, der Jonas Lie ofte hadde vanka nokre tiår før. Til denne vervaplassen kom Gravdal Skipsbyggeri mot slutten av hundreåret, og blei ei ny hjørnesteinsverksemd som sette preg på lokalsamfunnet økonomisk, sosialt og kulturelt i fleire mannsaldrar, frå den fyrste båten (eit bergingsdampskip) blei sjøsett på Opsanger i 1893, til skipsbyggeriet gjekk konkurs i 1978.

På Gravdal Skipsbyggeri vart det bygd mange jakter, galeasar, skonnertar og kutterar. Rundt 1910 var det det fremste av dei tre store treskipbyggeria i fylket. Seinare spesialiserte verftet seg på havfiskefarty og ishavsskuter. Utover 1930-talet var det det største treskipsbyggeriet i landet. Heilt inn på 1950-talet såg ein selfangstskuter med utkikkstønner på Opsangervågen. Det fyrste stålskipet vart sjøsett i 1953. Gravdal Skipsbyggeri klarte seg gjennom mange vanskelege tider, både etter fyrste verdskrigen og på 30-talet, og arbeidarrørsla voks då fram på Sunde og sette også sitt preg på bygda.

Senteret har fått overta alle dokument, teikningar og halvmodellar etter Gravdal Skipsbyggeri. Det finst vidare mange gjenstandar frå både hermetikk- og skipsbyggingsindustri som må takast vare på for ettertida. Dette er ei viktig oppgåve for Sunde Kyst- og Litteratursenter.

Bergslagen har si eiga historie som på mange måtar er typisk for Sunde. Staden var lenge nytta til sjøretta verksemd: nord for tomta ligg Jektaberget der jektene ofte låg fortøydde og mot sør var Laberget der båtane vart lasta. På 1890-talet dreiv Ole Larsen Vaage (far til Ragnvald Vaage) med sildesalting og bøkring der, og i 1907 starta Haktor Valvatne ein sildemjøl- og sildeoljefabrikk på same staden, og bygde ut med både maskinhus, fabrikkpipe og eit stort trebygg. Han gjekk konkurs etter tre år. Haugesund Sildeolje- og Fodermelfabrik dreiv fram til 1925 då anlegget brann ned. Plassen låg som eit svart sår i terrenget fram til Lars Tveit bygde huset som står i dag og tok til med båtbygging i 1947. Saman med han arbeidde sønene, og dei bygde trebåtar av fleire slag, seglbåtar, fiskeskøyter, snekker og færingar. ”Offerdal” på 70 fot var den største, framleis i drift og god stand. I 1969 tok sonen, Andor, over åleine. I 2009 laga han den sjuande og siste Colin Archer-skøyta si. I 1996 vann han prisen for årets båt under trebåtfestivalen i Risør med ei tilsvarande skøyte, ”Skirnir”.

Advertisement