Bergslagennytt

Det vert gjort mykje godt dugnadsarbeid for tida. Me har fast dugnadsdag onsdag kl. 10.00. Elles er det ivrige dugnadsfolk som «tek seg til rette» utanom dei faste dugnadsdagane – BRAVO. Viss nokon har lyst å vera med , er de hjarteleg velkomne!!

Slippen held på å rasa ut: Me skal setja opp forskaling og laga ny betongmur på sjøsida av slippen slik at ver og vind ikkje får øydeleggja meir. Det vert og mykje kjekkare for dei som skal slippa til våren. Dei vil då sleppa å gå i ei steinrøys. Einar og Ottar tek seg av dette. Ingenting å seia på kompetanse og erfaring.

Så held me på å rydda og mala i den nybygde båtmotorhallen. Her vil me få ein fin møteplass for folk på Sunde. Me vil laga til eit lokale for folk som er interesserte i gamle båtmotorar, men og annan kystkulturaktivitet. Elles kan det verta ein plass der folk kan møtast og drøsa litt over ein kopp kaffi og vafler med jordbærsyltetøy. Me skal og få på plass vedaomn så her skal ingen frysa.

KM

Advertisement

Kystkultur på Kolsøya

Onsdag 5. september hadde me ein flott dag på Kolsøya i lag med kjekke elevar i 6.klasse på Sunde skule. Me hadde sett garn og stolpaliner og fangsten var god. Me fekk lyr, torsk, makrell, blåstål, berggylte, kolja, krabbe og ein hummar som me sjølsagt sette ut att. Her var det mykje å sjå på og læra om. Elevane skulle trekkja og greia garn. Dei skulle og sløya og filetera fisken. Så det vart ein travel dag. Elevane var ivrige og interesserte og tok fatt på alle oppgåver med godt humør.

KM

Dugnad i Bergslagen 7. juli

Laurdag 7.juli hadde me dugnad i Bergslagen. Me fekk då tøma kjellaren for subbet som låg att på golvet. Dette var ei blanding av stein, sagmo, spon, mold og leire. Nå er det fjerna og køyrt vekk. Kjellaren er då klar for legging av røyr og oppbygging av nytt golv. Me hadde 2 gravemaskinar, traktor og motortrillebår på plass for å få utført jobben. Stor takk til Ivar Kolås og Håvard Flaten som vederlagsfritt stilte med maskinar og masse godt humør. Det var som vanleg ei sosial og triveleg dugnadsøkt i Bergslagen. Veret kunne me heller ikkje klaga på.

KM

Dugnad 26. april

No har me rydda ferdig i kjellaren. Siste planken i det gamle golvet er fjerna. Den måtte me sjølvsagt bera ut i lag.
Noko av golvet skal brukast til jonsokbål 23. juni. Resten skal me køyra på tippen.
Kjellaren er no klargjort for gravemaskin. Gravemaskina skal reinska golvet for gamal singel, sagmo og spon og fylla på ny pukk og singel. Her kan det og bli bruk for nokre flittige dugnadsnevar.
Denne dagen skein sola over dugnadsgjengen. Då smaka det ekstra godt med bollar og kaffi.
KM

Laurdagskafe i Bergslagen

18192717_1515261225163561_8154873450132554491_o
Laurdag 6.mai. kl 12.00 – 16.00
Denne gongen skal Kristian Bringedal halda eit humoristisk kåseri om bøkring. Han tek også med seg trekkspelet så det vert kjekt med litt allsong.
Kristian kjem ca. kl 13.00.
Sal av kaffi og kaker. Saft til dei som vil ha det.

Dugnad i Bergslagen

No er me komne veldig langt. Laurdag 18. mars hadde me lånt teleskoptruck frå Halsnøy Dokk. Me fekk då flytta alle dei tunge maskinane frå kjellaren til mellombels lagerplass i båtbyggeriet.

Kjellaren er no snart rydda og klar til grunnarbeidet. Kjempeinnsats av ein gjeng med sindige, dugande dugnadsfolk som valde å bruka ein fin laurdag i Bergslagen.

Kåre Peder var dyktig truckførar. Lasse dyktig fotograf mm. Tusen takk til alle!

KM

Innkalling til årsmøte

sunde-sett-fra-bergslagen

Det blir årsmøte for Sunde Kyst- og Litteratursenter i Bergslagen tysdag 28. mars klokka 18.00.

Sakliste:

  1. Innkalling og val av ordstyrar og skrivar
  2. Årsmelding
  3. Rekneskap
  4. Innkomne saker
  5. Val

Arbeidsplan og rekneska vert lagt fram på møtet.

Etter årsmøtet vil Stein Sahr (Kvinnherad kommune) orientera om framdrifta i renoveringsarbeidet i Bergslagen.

Vel møtt!

God stemning med bier og bollar

Laurdag 4. mars var det tid for den første runden med bok og bolle i Bergslagen. Der fekk lydhøyre ungar fekk lytta og læra om det spennande livet til biene – fortalt av Per Olav Kaldestad, som har skrive boka “Dronninga kallar”.

Med bilete på storskjerm, og forfattaren sjølv som opplesar, blei det ei fin føremiddagsstund i Bergslagen. Både store og små hadde funne vegen for å få seg bollar og saft og kulturelt påfyll.

Det var veldig kjekt å sjå såpass mange på plass, både med tanke på at dette var første gong me lagar til dette opplegget og fordi arrangementet var lagt til siste laurdagen i vinterferien.

No satsar me på ein ny runde i april, og kjem tilbake med dato så snart det er avklart kva dag det blir. Då håpar me å sjå både unge og gamle i Bergslagen. Her ønskjer me nemleg å samla folk på tvers av generasjonar – så kan dei eldste ta seg ein kopp kaffi medan ungane lyttar til høgtlesinga, før drøsen slepp laus.

Både Kvinnheringen og Grenda kom forresten innom, så det er godt mogeleg at det blir råd å lesa om arrangementet i avisene òg. Det er jo alltid litt ekstra stas.

Bileta er det Hannah Belsvik Hansen i litteraturgruppa som har teke, og om de lurer på kva han i den stripete genseren gjer der framme, var det Anders Totland som ønskte velkommen, før Per Olav Kaldestad fekk sleppa til.

Bok og bolle i Bergslagen

sek-person-scid-1082

Laurdag 4. mars klokka 12 ønskjer me velkommen til store og små for ei fin stund med bollar og bøker i Bergslagen.Til det første arrangementet kjem den lokale forfattaren Per Olav Kaldestad for å lesa frå den nye boka si, Dronninga kallar. Arrangementet er gratis.

På sikt er målet at dette skal bli eit fast arrangement i Bergslagen, der born og vaksne kan samlast til påfyll av litt knask og kultur. For å få dette til, treng me nokre leseglade eldsjeler som kan tenka seg å bidra med høgtlesing ein gong i blant. Dersom du kan tenka deg dette, eller vil vita meir om kva det inneber, kan du senda ein epost til Anders Totland på totlanders@gmail.com.

Me møtest i Bergslagen!

Dugnadsarbeid i Bergslagen!

Akkurat no held dugnadsgjengen på med å riva den gamle kaien i Bergslagen, for å gjera plass til ny, flott kai. Den nye kaien skal bli 4 meter brei og 53 meter lang. No skal det bli god plass også for større båtar.

Elles held me på med å rydda ut or kjellaren. Her er mykje maskinar, reiskap og utstyr som må takast vare på, men kjellaren må ryddast. Her skal det etter kvart bli fint festlokale. Ein fin plass for arrangement av ymse slag.

I 2016 hadde me 780 dugnadstimar. Mykje godt arbeid har vore gjort av ein dugande og ivrig dugnadsgjeng. Tusen takk for innsatsen til alle!

Me håpar å få koma i gang med rehabilitering av hovudhuset i løpet av våren. Då er det bruk for enno meir dugnad, så alle som er interesserte i å laga ein fin møteplass i Bergslagen, må berre hiva seg rundt og koma med. Arbeidet går med LIV OG LYST ☺

KM